18. januar 2013
av Magni Øvrebotten

19.august 2013

Dette er ein dato vi ser fram til. Då byrjar det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i Nynorsk avissenter i avisa Firda i Førde, samstundes med at NRK Nynorsk mediesenter tek mot kull 19. Ni år etter at vi starta opp har vi fått oss ein «halvbror» i Førde. Det er stas! Frå før er NRK FleRE […]

Dette er ein dato vi ser fram til. Då byrjar det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i Nynorsk avissenter i avisa Firda i Førde, samstundes med at NRK Nynorsk mediesenter tek mot kull 19. Ni år etter at vi starta opp har vi fått oss ein «halvbror» i Førde. Det er stas!

Frå før er NRK FleRE skipa etter modell av NRK Nynorsk mediesenter, opplæringa av fleirkulturelle journalistar har vore i drift sidan 2008. I stortingsmeldinga om «Kulturpolitikk fram mot 2014» (nr. 48. 2002-2003) stod det at vi kunne bli ein modell for andre tiltak. Eg må vedgå at eg ikkje hadde store trua på det då eg byrja i jobben min 18.mai 2004, men der tok eg heldigvis feil.

Det vert kjekt å få kollegaer som driv med det same som oss, både for nynorsk-praktikantane, faglærarane og meg som leiar. Nokon å tenkje strategiar, utvikling og fag saman med. Vi har frå dag ein sagt ja til å samarbeide om alt vi kan samarbeide om, dra nytte av kvarandre sine røynsler og stå saman i det viktige arbeidet med å skaffe fram og lære opp fleire nynorskbrukande journalistar.

Vi skal lære opp dyktige journalistar som kan vere føredøme for andre og gjere nynorskfolk stolte av og glade i språket sitt. Eg leitar etter folk som skjønar at nynorsk er meir enn eit språk, at det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Alle får ikkje med seg det heimanfrå eller i skulen, difor er det viktig at nynorsksenter som vi her i Førde gjev dei den «danninga». Dei treng ho til støtte for viljen når det buttar mot og for å bli stolte nynorskbrukarar. Sjå til dømes kor ei Siri Kleiven Strøm strålar når ho er programleiar for Vestlandsrevyen eller Norge i dag. Ho er ein dyktig og trygg programleiar, journalist og nynorskbrukar, men det er ikkje meir enn fire år sidan ho byrja som nynorskpraktikant på kull 10, 21 år gamal.

Men uansett kor heldige vi er med rekrutteringa og opplæringa, vi er avhengige av at vertsredaksjonane er med på laget og deler ambisjonane våre. NRK Sogn og Fjordane har vore ein framifrå redaksjon å ta dei fyrste stega som journalist i, med omdøme som ein god nyhenderedaksjon som snur seg fort er det ein fordel å ha vore der. Det har aldri vore problem med å skaffe ekstern praksis til praktikantane i NRK, dei 85 vi har sendt frå oss til denne tid har jamt over gjeve oss eit godt omdøme.

Både NRK Sogn og Fjordane og redaksjonen i Firda er vel vane med å lære opp nye folk, som kjem og fer. Det er ei viktig og verdfull røynsle som vertsredaksjonar for tiltak som Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter. Redaksjonane og sentera må kjenne eit sams ansvar for at praktikantane skal få den ballasta dei treng for å lukkast. Det er krevjande, men kjekt arbeid. Vi ser fram til samarbeidet og ynskjer Nynorsk avissenter og Firda lukke til.