2. april 2014

20 framlegg til nynorskpris

Det kom inn 20 framlegg til kven som bør få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2014. Fristen var 1.april.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal delast ut for niande gong under Dei nynorske festspela i Ørstad 27. juni.

I år er det ny jury for prisen, der Håkon Haugsbø er leiar. Han har med seg journalist og forfattar Agnes Ravatn og redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten. Juryen skal ha møte og kunngjer prisvinnaren i mai.

Du finn meir om prisen og tidlegare prisvinnarar her