5. april 2016

21 framlegg til nynorskprisen

Det har kome inn 21 framlegg til kven som bør få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i år. To kandidatar har fått to framlegg kvar. Juryen bestemmer om dei også vil ta med framlegg frå i fjor i vurderinga. 2. mai er det møte i juryen i Bergen.

I juryen er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og har mange år bak seg som journalist i NRK. Med seg i juryen har han forfattar/journalist Agnes Ravatn og redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen.

I komande veke skal juryen ha eit telefonmøte med ein fyrste gjennomgang av kandidatane, men avgjerda kjem ikkje før i møte 2. mai. Prisvinnaren vert kunngjort i midten av mai og prisen vert delt ut fredag 24. juni, kl.12.00, i Ørsta, under Dei nynorske festspela.

Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

I fjor var det journalist og kommentator Jan Zahl i Stavanger Aftenblad som fekk prisen. Sjå meir om prisen og tidlegare prisvinnarar her