Njord V. Svendsen (Foto: Foto: Teresa Grøtan)
12. april 2013

25 framlegg til nynorskprisen

Det kom inn 25 framlegg til kven som bør få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013. Juryen skal ha møte i Bergen 28.mai og prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 28.juni. Bilete er av prisvinnarane i fjor.

I juryen er Gry Molvær, journalist i NRK, leiar. Ho har med seg forfattar Olaug Nilssen og Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad.

Gry Molvær leiar juryen

Gry Molvær leiar juryen

Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Han skal fremja bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre.

Det er framlegg om 16 menn og 9 kvinner til denne prisen i 2013. Tidlegare prisvinnarar er : Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen, no Klassekampen, Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK, Astrid Brekken, NRK, Njord V. Svendsen, Bergens Tidende, Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende. Dei to sistnemnde delte prisen i fjor.