10. september 2015

25 % nynorsk i NRK står fast

I Stortingsmelding 38, som allmennkringkasting og mediemangfald, står regjeringa fast på regelen om minst 25 % nynorsk i NRK. Under opninga av Dei nynorske festspela i juni sa statssekretær I Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag, at NRK var så langt frå å oppnå det kravet at regelen måtte stå ved lag.

Bjørgulv Vinje Borgundvaag (Foto: Malin Nordby Kvamme)

Bjørgulv Vinje Borgundvaag (Foto: Malin Nordby Kvamme)

Det sa statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag då han opna Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni, og heldt fram:

– I Medietilsynet sin rapport om allmennkringkasting kom det fram at NRK berre fyller krava til nynorsk i to av seks hovudkanalar. Eg er glad for at NRK arbeider målretta for auka rekruttering av medarbeidarar som brukar nynorsk. Når regjeringa no la fram Stortingsmedling om Allmennkringkasting var det viktig for oss å oppretthalde kravet om 25 % nynorsk hjå NRK.

I Stortingsmelding 38: Open og opplyst – Allmennkringkasting og mediemangfald, som vart lagt fram 19. juni 2015, står det dette om nynorsk, i kapittel 9, om NRKs plikter til innhald:

9.3.1.1 Nynorsk

Mange mållag rundt i landet understrekar trongen for å føre vidare nynorskdelen på 25 prosent (jf. § 3 d). Språkrådet skriv i høyringsfråsegna si:

Nynorskprosenten er et svært viktig virkemiddel for å styrke nynorskens posisjon i samfunnet. I prinsippet er de to målformene våre likestilte, men i praksis opplever nynorskbrukerne mye mindre eksponering for sin målform enn bokmålsbrukerne på nasjonalt nivå. Derfor er NRKs bruk av nynorsk viktig.

Fleire av høyringsinstansane argumenterer også for at NRKs nynorsksenter må ha gode vilkår.

9.3.2.1 Nynorsk

NRKs nynorskkrav ligg i dag på 25 pst. Medietilsynets allmennkringkastingsrapport for 2014 viser at NRK oppfylte nynorskkravet i to av dei seks noverande hovudkanalene, P1 og NRK 2, men ikkje i dei resterande TV- og radiokanalane eller på nrk.no. Samla sett når difor ikkje NRK nynorskkravet på 25 pst. Særleg låg var nynorskdelen på nrk.no (16 %). Samstundes peiker Medietilsynet på at NRK har arbeidd med å styrkje språktilbodet sitt på lang sikt gjennom opplæring av nynorskpraktikantar ved Nynorsk mediesenter. NRK har også vunne fleire prisar for målbruk.

Departementet vil understreke at NRK har eit viktig ansvar for å formidle nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 pst. bør førast vidare. Departementet føreset at NRK arbeider med å styrkje nynorskdelen på radio, TV og Internett. NRKs språkpolitiske rolle og tyding tilseier også at dette kravet blir gjort synleg som eitt av elementa i den nye overordna NRK-plakaten som departementet føreslår i kapittel 17.

17.2 Ny NRK-plakat

  • § 1 NRK skal ha som formål å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet.
  • § 2 NRK skal vareta ytringsfridom og ytringsvilkår for borgarane. NRK skal vere redaksjonelt uavhengig og vere balansert over tid. NRK skal bidra til å fremje den offentlege samtala og medverke til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne vere aktivt med i demokratiske prosessar.
  • § 3 NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.
  • § 4 NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga. NRK skal ta omsyn til funksjonshemma i utforminga av tilbodet sitt.
  • § 5 NRK skal styrkje det norske og dei samiske språka, og styrkje norsk og samisk identitet og kultur. Ein stor del av tilbodet skal ha norsk forankring og avspegle det kulturelle mangfaldet i folket. NRK skal ha daglege sendingar for den samiske befolkninga. NRK skal ha program for nasjonale og språklege minoritetar.
  • § 6 NRK skal formidle norsk kultur og ein brei variasjon av norske kunstuttrykk frå mange ulike kunstnarar, ubunde miljø og kulturinstitusjonar. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljø.
  • § 7 NRKs tilbod skal spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet.
  • § 8 NRKs tilbod skal i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 pst. av innhaldet skal vere på nynorsk.
  • § 9 NRK skal reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og ha eit godt lokalt tilbod og lokalt nærvær.
  • § 10 NRKs tilbod skal i hovudsak vere av redaksjonell karakter. NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRKs tilbod skal ha tematisk og sjangermessig breidde. NRKs tilbod skal appellere til alle aldersgrupper.
  • § 11 NRK skal fremje borns rett til ytringsfridom og informasjon, og skjerme borna mot skadelege former for innhald. NRK skal ha norskspråklege program for born under 12 år, jamlege norskspråklege program for unge, og jamlege program for born og unge på dei samiske språka.
  • § 12 NRK skal leggje til rette for at styremaktene kan nå ut til befolkninga med informasjon over kringkastingsnetta ved nasjonale kriser og katastrofar.