13. januar 2020

25,2 prosent nynorsk i NRK

I 2019 klarde NRK endeleg 25,2 prosent nynorsk, 50 år etter at 25-prosenten vart vedteken i Stortinget. Det var på konferansen «Treng vi norsk?», i Førde 1. november 2018, at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen gjekk offentleg ut med at det var målet for 2019. Etterpå har han følgt det opp internt. Fungerande språksjef i NRK, Ingvild Bryn, seier det var ei viktig drahjelp for språksjefane. Ragnhild Bjørge var det fram til sommaren 2019, og var den som sytte for at det vart laga ein handlingsplan for nynorsk i NRK.

I kjølvatnet av Handlingsplanen for nynorsk har det vore halde kurs i nynorsk i NRK, der til saman 200 journalistar har delteke. Kurshaldarar har vore journalist Noralv Pedersen og faglærar Rune Fossum Lillesvangstu. Fleire distriktskontor har sett seg konkrete mål for nynorsk og språkstyret arbeider med å få fleire redaksjonar og avdelingar til å gjere det. Nynorsk Pressekontor og  Firda har innhenta redaksjonar frå ulikt hald, om NRK og 25 prosent nynorsk, og dei kan du lese her