2. april 2019

28 framlegg til nynorskprisen

Fristen for å sende inn framlegg om kandidatar til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjekk ut 1. april. Det kom inn 28 framlegg om 23 namn, så med andre ord er nokre namn det er fleire framlegg om. Juryen skal ha telefonmøte 3. april for ein fyrste gjennomgang av lista.

Det endelege møte i juryen vert i Førde 6. mai og vi kunngjer prisvinnaren den veka. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni. Då får vinnaren 50.000 kroner og eit kunstverk.

– Det er framleis litt for mange som berre sender inn eit namn, utan grunngjeving, når dei føreslår kandidatar. Dei som har gjort det er oppmoda om å sende inn grunngjeving og gjerne gje juryen linkar til saker kandidaten deira har laga, seier Magni Øvrebotten, sekretær for juryen.

I juryen er Solveig Barstad, i TV 2, leiar. Ho har med seg professor Øystein A. Vangsnes og språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk. Vangsnes arbeider ved Universitetet i Tromsø/Høgskulen på Vestlandet og Sæterbakk ved Det Norske Teatret.

Bilete er frå hausten 2017. Frå venstre: Magni Øvrebotten, Øystein A. Vangsnes, Solveig Barstad og Inger Johanne Sæterbakk. Foto: NRK/Brit Jorunn Svanes.