17. oktober 2016

33 søkjarar til kull 26

Søknadsfristen til kull 26 gjekk ut søndag 16. oktober, og det kom inn 33 søknader. 19 menn og 14 kvinner, frå mange kantar av landet. – Eg kan ikkje hugse at vi har hatt fleirtal av mannlege søkjarar før. Det er har vore ei klar overvekt av kvinner i mange år, så det er kjekt at karane byrjar syne meir interesse for media, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Det er faglærar Rune Fossum og ho som skal tilsette kull 26 med nynorskpraktikantar.

– Denne veka går for det meste med til å lese søknader, men mot slutten byrjar vi nok å kalle inn folk til intervju dei komande vekene. Dei som er så heldige må ta seg ein tur til Førde, og vi betalar reisa. Vi skal også samordne oss med Nynorsk avissenter i Firda, slik at folk som søkjer begge kan sleppe med ein tur hit, seier Magni Øvrebotten.

Ho reknar med at kull 26 blir tilsett rundt 4. november. NRK Nynorsk mediesenter skaffar hyblar for dei fem praktikantane, som skal starte på opplæringa 4. januar og vere ferdige til 1. juli 2017. Det er fire månader med innføring og praksis i Førde, og to månader i ekstern praksis, i eller utanfor NRK.