2. april 2020

36 framlegg om 26 namn

I går var fristen ute for å sende inn framlegg til kven som skal få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Det kom inn 36 framlegg om 26 namn. I fjor var det 28 framlegg om 23 namn. Prispengane er auka frå 50.000 til 75.000 kr. i år.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar skulle etter planen deltast ut på Dei nynorske festspela i Ørsta 12. juni. Men i desse koronatider er dei blitt digitale. Juryen skal snakkast over påske og bestemme prisvinnar i mai, og må då også finne ein høveleg måte å dele ut prisen på.

I juryen er Solveig Barstad, TV 2, leiar. Ho har med seg Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal.