30. oktober 2018

56 prosent arbeider i media

Per 1. november arbeider 56,5 prosent av 140 nynorskpraktikantar i media. 40,7 prosent er i NRK og 10 prosent arbeider i aviser og nettaviser. I tillegg til desse er 15,7 prosent av tidlegare nynorskpraktikantar informasjonsfolk, rådgjevarar og tekstforfattarar i alt frå departement til reklamebyrå. Fleire av dei er nettredaktørar.

denne nettsida finn du oversikt over kvar dei som har gått NRK Nynorsk mediesenter arbeider. Bilete er av det siste kullet, som var ferdige som praktikantar 1. juli. Bortsett frå ein hadde alle sommarjobb i NRK, medan den eine gjekk attende til jobben som prest i Forsvaret.

Anders Martin Helle er vikar i NRK Buskerud, der han arbeider som både journalist, videojournalist og fotograf. Han var utdanna fotograf før han vart nynorskpraktikant. Turid Astrid Reksten er attende i Forsvaret som feltprest, ei stilling ho hadde permisjon frå for å gå Nynorsk mediesenter.

Sigrid Sivertsen Haugan held fram med studiane i arabisk ved Universitetet i Oslo, men er hyra inn i NRK for å leite etter folk som kan vere med i ein TV-serie om ungdom og psykisk helse.
Bente Kristin Kjøllesdal er journalist på nettstaden Framtida.no, medan Fredrik Johan Helland er basesjef for helikopterselskapet Bristow på flyplassen i Flora.