Kull 31:Elias Håvarstein, Oda Elise Svelstad, Lars Volldal, Vilde Gjerde Lied og Hans Ivar Moss Kolseth.
1. oktober 2019

55 prosent arbeider i media

Per 1. oktober arbeider 55 prosent av dei 150 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss i media. 39 prosent arbeider i NRK. Dette er eit par prosentpoeng opp frå 1. september.

12 prosent arbeider på nettstader og i aviser. Vel tre prosent i andre media, som mellom anna omfattar TV2. Der er det eit nyhendeanker, ein fotograf og ein journalist i Skavland-redaksjonen med bakgrunn frå NRK Nynorsk mediesenter.

20,7 av dei 150 tidlegare nynorskpraktikantane arbeider innan informasjon, og som nettredaktørar og reklamefolk i alt frå Valdirektoratet og Språkrådet til ulike reklamebyrå. Vi er strenge på kven som vert rekna til media og det kan gjere at denne gruppa vert stor, men det handlar også om at her er mange som ikkje var på rett stad til rett tid vedkomande jobbar i media. Mange av dei ville vore framifrå journalistar.

Kvar månad reknar vi ut statusen for desse prosentane. Det kan vere noko forvirrande i dei tider vi lyser ut nye kull med nynorskpraktikantar. Til dømes er det no septembertal i utlysinga på NRK.no, medan det er oktobertal på lysinga på Medier24.

Bilete er av noverande kull, som er under opplæring.