20. november 2018

57 prosent arbeider i media

Per dags dato har vi sendt frå oss 140 nynorskpraktikantar og 57 prosent av dei arbeider i media. 40 prosent er i NRK, og fordeler seg nokså likt på distrikts- og riksredaksjonane. 15 prosent arbeider på nettstader og i aviser og to prosent i TV 2, Radio 1 og frilans. Utanom dei som arbeider i media driv 16 prosent med kommunikasjon, i alt frå departement, direktorat, Språkrådet til reklamebyrå.

Kull 29 har ein månad att av praksistida si i Førde og arbeider no i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Frå nyttår av skal to av dei i praksis i NRK Hordaland, ein skal til NRK Møre og Romsdal, ein annan til P3nyhenda på Tyholt og den femte nynorskpraktikanten til innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst.

Samstundes som dei byrjar i ekstern praksis 3. januar tek kull 30 til på opplæringa i Førde. Vil du sjå kva tidlegare nynorskpraktikantar driv på med finn du meir om det her