1. mars 2018

58 prosent arbeider i media

Per 1. mars 2018 har vi sendt frå oss 135 nynorskpraktikar og 58 prosent av dei arbeid i media. 43 prosent arbeider i NRK. Kull 27 har nettopp avslutta tida som nynorskpraktikantar. Arianrhod Engebø har fått eit årsvikariat i MP3 på Tyholt, to har kortare vikariat og ein tilkalling i NRK,

Borghild Andersdotter Vevle hadde praksis på Superfronten, nettstaden til NRK Super. Ho har fått eit vikariat der, med base i Bergen. Synne Ulltang hadde praksis i Ekko i NRK P2. Ho har søkt sommarjobbar, men har førebels ikkje vidare arbeid i NRK. Ådne Sandvik Dyrnesli hadde ekstern praksis i redaksjonen for Digital historieforteljing, og dei har hyra han som vikar for å gjere ferdig ei nettsak han hadde byrja på. Han har tenkt å vere frilansfotograf ei tid framover og har ein frilansavtale med Framtida.no. Linda Watten hadde praksis i Supernytt og har fått tilkallingskontrakt med dei, med base i Sogn.

Arianrhod Engebø hadde praksis på P3 desken på Tyholt, og har fått eit årsvikariat i MP3. Ho er tilsett i P3-divisjonen frå 1. mars. – Det er sjeldan kost å få eit årsvikariat med det same ein er ferdig, og vi gratulerer Arianrhod så mykje med jobben, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.