18. januar 2016

60 % arbeider i media

Per 18. januar 2016 har NRK Nynorsk mediesenter sendt ut i verda 115 nynorskpraktikantar, medrekna kull 23, som har ekstern praksis ut februar. 60 % av dei arbeider heil-eller deltid i media. 52 % av dei er i NRK. 44 tidlegare nynorskpraktikantar har fast arbeid i media, 38 av dei i NRK.

Utanfor NRK er tidlegare nynorskpraktikantar som er nyhendeanker i TV2, frontredigerar i Dagens Næringsliv, journalistar i Bergens Tidende, Møre-Nytt, Telemarksavisa, Drammens Tidende, og i produksjonsselskapet Monster.

– 60 % er heilt likt med fjoråret på denne tid, og det er eg positivt overraska over, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. – Grunnen til at eg er overraska er at fleire ikkje fekk fornya kontraktane sine frå nyttår av, fordi NRK må kutte ned på folk. Eg fryktar at tala kan bli dårlegare når januar/februar er ute, fordi fleire har tilkallingskontrakter som går ut då, seier Øvrebotten.

Vil du sjå kva tidlegare nynorskpraktikantar arbeider med kan du sjå her  Oversikta er stort sett rett, men i oppdateringa er vi avhengige av at kvar einskild melder frå når det er endingar i jobb og/eller studiar. Det ymsar litt, men stort sett er folk flinke til det. For NRK Nynorsk mediesenter er det viktig å kunne svare på kva «måloppnåing» vi har, det vil seie kor mange av dei vi lærer opp som får seg arbeid i media. Per no er det 60 % av 115.

– Det betyr ikkje at vi legg oss føre om folk hamnar i andre yrke, særleg ikkje når det er så vanskeleg å få seg arbeid i media som no. Dyktige nynorskbrukarar trengst over alt. Vi er strenge på definisjonen journalist, det er dei som spør. Men det er nærskylde yrke, mellom anna har vel ti tidlegare nynorskpraktikantane arbeid innan informasjon-, nett- og tekstformidling.