17. januar 2018

60 prosent arbeider i media

Per 17. januar 2018 arbeider 60 prosent av dei 130 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss i media. 44,6 prosent av dei er i NRK. – Det er alltid spennande å sjå kor mange som heng med over eit årsskiftet, og denne gongen auka prosenten frå 57 i desember til 60 i januar. Slikt gledar meg som alltid er bekymra for korleis det går med dei, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Vil du sjå kvar dei arbeider finn du det her

No er kull 28 under opplæring i Førde. Dei skal vere her ut april og skal deretter i ekstern praksis i andre redaksjonar ut juni. Kull 27 er i ekstern praksis på Tyholt og Marienlyst og er ferdige med tida som nynorskpraktikantar når februar er over. – Eg skal på rundreise til dei i praksis i månadskifte. Det er alltid spennande om dei får halde fram der dei er, får prøve seg i andre redaksjonar eller om sjansen til å bli journalist glippe før dei for vel har byrja. Det kjennest alltid som eit nederlag når gode talent ikkje vert oppdaga i tide, og det er ein siger når dei lukkast, seier Magni Øvrebotten.

NRK Nynorsk mediesenter er eit tiltak NRK driv for å rekruttere og lære opp nynorskbrukande journalistar. – Vi vert sjølvsagt målte på resultatet. Difor er eg oppteken av at vi alltid skal kunne svare på kor stor prosent av dei vi har lært opp som arbeider i media. Sjølv er eg dårleg i prosentrekning, så eg må stadig minnast om at 50-60 prosent “måloppnåing” er ganske bra. Men vi er aldri betre enn siste kullet, seier Øvrebotten.

Om ein for moro skuld ser over alle dei 26 ferdige kulla er det ingen som ikkje har nokon i media. Eitt kull har alle fem med, ti kull har med fire, fire kull har med tre, åtte kull har med to og tre kull har ein att i arbeid i media. – Her er det rekna strengt på dei som arbeider i media som journalistar i ei eller anna form, sidan oppdraget vårt er å få fram fleire nynorskbrukarar der. Men opplæringa vår kjem nynorsken til nytte utover det når folk endar opp som nettredaktørar, tekstprodusentar, informasjonsfolk, osv. Føresetnaden er at dei hamnar i jobbar der dei får skrive nynorsk. Det er framleis ikkje gjeve, korkje i media enn elles, seier Magni Øvrebotten.