20. august 2015

61 prosent i media

Per 20. august arbeider 67 av 110 nynorskpraktikantar i media. 56 av dei er i NRK. Totalt har 43 fast arbeid i media, 37 av dei arbeider i NRK.

– Prosenten går alltid litt ned når sommaren er over og sommarjobbane like eins. Eg fryktar at den kan krype under 60 prosent i haust, og det vil i så fall vere fyrste gongen, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Ho er klar over at det er naturleg etter kvart som talet på tidlegare nynorskpraktikantar aukar, men det er alltid kjekkast når han går opp. – Det kan også skje, for fleire melder at dei er inne til intervju på jobbar dei har søkt, og regelen om 3-års prioritet gjeld framleis, seier Øvrebotten.

Dessutan har personaldirektøren i NRK bestemt at ved utlysing av interne stillingar skal det stå tydeleg at berre fast tilsette og kandidatar frå NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter kan søkje på desse. – Det har vore mykje forvirring kring dette, både hjå leiarar og tidlegare praktikantar. No håpar eg den tid er forbi, seier Magni Øvrebotten.