15. september 2015

62 % arbeider i media

I statusrapporten for NRK Nynorsk mediesenter per 15.09.15 kjem det fram at 62 % av dei 110 nynorskpraktikantane vi har lært opp arbeider i media. 43 er fast tilsette og 37 av dei er i NRK.

I den tredje statusrapporten vår for 2015 samlar vi det som står om nynorsk i Stortingsmelding 38, om Allmennkringkasting. Der vert NRK Nynorsk mediesenter nemnt som eit målretta tiltak for å auke nynorskprosenten. I meldinga går regjeringa inn for å halde på kravet om minst 25 % nynorsk på alle plattformer i NRK.

Til no i år har fem tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i NRK, dei sto siste heldige står det meir om i statusrapporten. Ein sjette tidlegare praktikant gjekk frå 80 % til 100 % stilling, og er rekna med når i andre stader skriv at seks har fått fast arbeid.

Statusrapport 15.09.15 (351 downloads)