17. juni 2016

62 prosent arbeider i media

Statusrapporten per 16.06.16 syner at 62 prosent av dei 115 nynorskpraktikantane vi har lært opp arbeider i media. 48,6 prosent er i NRK. Etter tolv års drift byrjar det å syne att på nynorskprosenten i NRK. Medietilsynet har merka seg at den går rette vegen, sjølv om NRK framleis ikkje oppfyller kravet på alle plattformer.

I Statusrapport 16. 06. 16 kan du elles lese om at ein av faglærane våre er tilsett som ny distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, at kull 24 har fått seg arbeid over sommaren og kull 25 er klart til start 22. august. Og kvar tidlegare nynorskpraktikantar får seg arbeid.