3. mars 2015

66 prosent i media

Etter at kull 21 er ferdige med halvåret sitt har vi sendt frå oss 105 nynorskpraktikantar. Av dei har 66 % arbeid i media.

– Det er med «angst og beven» vi reknar ut denne prosenten med jamne mellomrom. Men 66 % i media i desse tider eg bra, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Dei som gjekk på kull 21 held fram der dei hadde praksis, bortsett frå han som skal i det militære frå 16. april. Han satsar på ein månad fri før han trekkjer i kongens kle, men håpar på tilkalling jamsides militærtenesta. Av dei andre fire fekk ein vikariat og dei tre andre tilkalling.

53 av dei 105 tidlegare nynorskpraktikantane arbeider i NRK. Dei fordeler seg med 31 i riksredaksjonar og 22 på distriktskontora. Utanfor NRK arbeider dei som frilansarar, i TV 2, i ulike aviser, nettstader og produksjonsselskap.