27. august 2014

67 prosent i media

I sommar hadde heile 72 prosent av 100 nynorskpraktikantar arbeid i media. Per 27. august er det 67 % som framleis har det.

– Vi kan nok ein gong konstatere at «ein sommar er over». Tala er alltid ekstra høge då, men no fryktar eg at prosenten kan rase endå meir nedover. Mange har kontrakter til ut på hausten, og er usikre på kva det vert til etterpå, seier Magni Øvrebotten.

NRK hadde ein gjennomgang av kontrakter og tilsettingsforhold i Nyhendedivisjonen på Marienlyst i vår, noko som førde til at 20 vart fast tilsette. Men dermed vert det færre tilkallingsjobbar for dei som er i den enden av karriera. I haust skal det vere ein tilsvarande gjennomgang av Marienlystdivisjonen.

– Det skal bli interessant å sjå kva tre års status med sokalla «moderat kvotering» er verd for nynorskpraktikantane framover. Det skal skje under elles tilnærma like vilkår, men då må det til ei medvitsgjering om at det er ein ekstra kvalifikasjon å vere nynorskbrukar og dei som tilset må sjå om dei er få eller manglar heilt i redaksjonen, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.