Magni Øvrebotten (Foto: Monica Lindanger/Nynorsk pressekontor)
16. januar 2014

74,5 % arbeider i media

Per dags dato har vi sendt frå oss 95 nynorskpraktikantar, og 74, 5 prosent av dei arbeider i media.

– Men mange går på korttidskontrakter og er usikre på korleis det vert med arbeid framover. Det gjeld også dei som er i NRK, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Berre siste veka har to tidlegare praktikantar takka ja til fast arbeid utanfor journalistikken. Ein som tekstforfattar i eit reisebyrå i København, den andre som informasjonsrådgjevar i Barne-, likestilling – og diskrimineringsdepartementet.

– Det vert spennande å sjå utviklinga framover. I haust arbeidde 75 % av tidlegare nynorskpraktikantar i media, ved årsskiftet var det 72 %, og per dags dato 74,5 prosent,seier Øvrebotten.

60 av dei 95 praktikantane arbeider i NRK, og 27 av dei har fast arbeid. Dei seksti fordeler seg nokså likt på riks- og distriktsredaksjonar. Vil du sjå kvar dei arbeider sjå her