23. august 2018

80 av 140 arbeider i media

Per dags dato har 140 nynorskpraktikantar vore gjennom halvåret med opplæring og praksis i NRK Nynorsk mediesenter. 57 prosent av dei arbeider i media, og 41 prosent av dei er i NRK. Det var over 60 prosent i media i sommar, men no er sommarjobbane over.

På denne nettsida er det ei side som heiter Praktikantar og der finn du oversikt over dei som har gått her. For dei aller fleste er det også oppdatert informasjon om kva dei driv på med, arbeid eller studiar. Vi prøver å halde lista ajour heile tida, men er avhengig av at dei sjølve melder frå om byte av jobb. For kvart nytt kull som byrjar har vi ein gjennomgang av forgjengarane, for å ha dette tilbodet på sida vår.

Oversikta over tidlegare praktikantar er laga med tanke på leiarar som treng nynorskfolk og andre som leitar etter nynorskbrukarar til ulike oppgåver. Nokon brukar sida mykje, andre veit ikkje at ho finst. Det har ho gjort sidan 2005, då det fyrste kullet var ferdig. No prøver vi å spreie kunnskapen om sida via Workplace – den interne informasjonskanalen i NRK. Du som les dette må gjerne la rykte gå.

Bilete over er av kull 24, som gjekk her våren 2016. Frå venstre Aleksander Åsnes og Solveig Svarstad, som begge er fast tilsette journalistar i NRK Sogn og Fjordane. May-Helen Rolfsnes studerer nordisk ved Universitetet i Bergen og har for tida foreldrepermisjon. Martha Våge er fast tilsett som journalist i Her og Nå sin Oslo-redaksjon og Martin Torstveit er fast tilsett i NRK Telemark. Han er både journalist, videojournalist og fotograf.

Om nokon har spørsmål er det berre å ringe Magni Øvrebotten, mobil 970 55201.