29. april 2014

9. mai startar konferansane

Det kom inn 54 søknader til kull 21 og vi er snart klare til å kalle inn dei fyrste til intervju. Men på grunn av mange andre gjeremål, kurs, møter og helgedagar, får vi ikkje byrja før fredag 9. mai.

– 54 søkjarar er det nest høgaste talet nokon gong. Det meste vi har hatt var 60 og det minste 25. Snitten har lege mellom 30 og 40 søkjarar til dei fem plassane. Vi skjønar ikkje kva som har skjedd, men er sjølvsagt glade, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

– No les vi søknader og er snart klare til å kalle inn dei fyrste til intervju, seier Øvrebotten. Faglærar Randi Indrebø og Magni Øvrebotten skal stå for tilsettinga, og målet er framleis å ha kull 21 klart til 17.mai.