13. januar 2012

«Å, hei og hå, det tar på å være nynorsk!»

Og eg er sanneleg ikkje sikker på om eg er samd med folkemusikaren når ein får høyre fine konsertar ikkje berre éin, men to gonger i løpet av ein dag. Det får ein nemleg som nynorskpraktikant. I går spelte Gabriel Fliflet og Novgorod to konsertar, ein om dagen og ein om kvelden. Saman med dei […]

Og eg er sanneleg ikkje sikker på om eg er samd med folkemusikaren når ein får høyre fine konsertar ikkje berre éin, men to gonger i løpet av ein dag. Det får ein nemleg som nynorskpraktikant.

I går spelte Gabriel Fliflet og Novgorod to konsertar, ein om dagen og ein om kvelden. Saman med dei andre praktikantane hadde eg på førehand gledd meg til kveldskonserten. Då eg såg at Førde Helsetun skulle få høyre bandet tidlegare torsdagen, tenkte eg at dette var god mat for andre øvingsreportasje for radio.

Klar, ferdig…

For dette var andre forsøk, om ein ser bort ifrå den uformelle reportasjen om lågkarbo i førre veka. Første forsøk kan du lese om her. Stikkord også her er smittande songglede og godt humør, men i ei noko anna aldersgruppe.

Musikalsk spasertur med dans oppå bordet

På helsetunet var stemninga god frå første stund. Konserten var del av Den kulturelle spaserstokken, som syter for kulturtilbod for eldre. Dei gamle gler seg til kvart arrangement, som gir eit kjærkome avbrekk i kvardagen i form av musikalsk føde.

Eg tok meg ein prat med ei dame som fyller heile hundre år i år, i tillegg til musikarane og dei ansvarlege ved helsetunet. Utan å røpe for mykje kan eg seie at det heile munna ut i dans på bordet!

Hokuspokusfokusapus!

Det har vore litt av ei turboveke, men mykje jobbing og seine kveldar. Utfordringar støyter ein på fleire gonger om dagen, men som regel går ein heim tilsvarande mange erfaringar rikare. Vi har alle lært mykje om kor viktig det er å halde fokus, for ikkje å snakke om apus, for å unngå å kome tilbake til arbeidspulten med endelause mengder råstoff.

Frå helsetun til hotell

Slikt tek det tid å gå gjennom. Under redigeringsarbeidet med helsetunkonserten i går tok Raymond (som også laga sak med deadline i dag tidleg), Wilhelm, Katrine og eg oss ein god pause, for å gå på – hald deg fast – hotellkonsert med Novgorod. Med fare for å høyrast ut som ein stalker (heider og ære til den som finn eit godt ord her – forfølgjar?); eg passar visst alltid på å få med meg Fliflet sine konsertar minst to gonger når eg kan. Førre gongen eg såg han og kontrabassist i Novgorod, Kristoffer C. Vogt, var under Åresong-konserten i Bergen i april i fjor. Då hadde ei venninne og eg venta i eit år sidan uroppføringa under Festspillene i Bergen 2010.

Om det blir like lenge til neste gong, gjenstår å sjå. Enn så lenge kan ein mimre om Novgorod på Førde Helsetun, for reportasjen blei sendt i ettemiddagssendinga til NRK P1 Sogn og Fjordane i dag. No tek eg meg ei, om eg må få seie det sjølv, velfortent helg!