19. desember 2014

-Aldri har eg lært så mykje på så kort tid

Spente men takknemlege praktikantar tok i dag avskjed med NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane. Etter fire intense månadar med opplæring og intern praksis, er dei klare for ekstern praksis rundt omkring i landet.

– Aldri har eg lært så mykje på så kort tid sa Hibba Sarmadawy i takketala til redaksjonen i Førde.

Mange av praktikantane legg nettopp vekt på det unike samarbeidet med redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane.

– Alle vil at du skal lukkast og alle hjelper til seier Sigrid Agnete Hansen som tørka ei tåre i det ho takka redaksjonen på juleavslutninga i dag.

For ho går turen no til NRK Troms som den fyrste nynorskpraktikanten nokonsinne i redaksjonen.

Også leiar i NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten er svært takknemleg for det gode samarbeidet med NRK Sogn og Fjordane.

– Det er kjekt å sjå kor godt vi no arbeider i lag, det er eit samarbeid vi er heilt avhengige av seier Øvrebotten.

Praktikantane reiser no til NRK Troms,  NRK Sogn og Fjordane, NRK Rogaland, Dagsnytt og P3 Morgen.