https://nynorskmediesenter.no/Kry over språket
18. desember 2018

Alle har fast jobb i media

I dag kan vi markere at kull 16, frå vinteren/våren 2012, er det fyrste kullet der alle har fast jobb i media. Fire av fem er i NRK. Ingunn Rauk er produsent i Ekko i NRK P2, Katrine Nybø er journalist i NRK Nyhende, Wilhelm Støylen lagar barnetv på nynorsk i Super-redaksjonen i Førde, Han-Olav Rise er tilsett som frontsjef i Vårt Land og Raymond Lidal er journalist i NRK Sogn og Fjordane.

Det er fire kull som manglar berre ein på at alle fem har fast jobb i media, og nokon har sjansen til å bli fulltallige i media etter kvart. Tel vi med dei som er vikarar i media ville endå fleire vore med på denne uhøgtidlege «nesten fulltallige i media»- lista. Alle eignar seg ikkje som journalistar og då er det greitt at dei får seg anna arbeid.

– Men det er litt for mange som ikkje har vore på rett stad til rett tid, og som kunne vore i NRK om det å få tak i nynorskbrukar var viktigare enn det er, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho håpar dette kjem seg etter kvart som Handlingsplanen for nynorsk i NRK vert etterlevd. Det må til om kringkastingssjefen sin lovnad om 25 prosent nynorsk i NRK i 2019 skal bli røyndom.