11. juni 2019

Alle har sommarjobb

Sist veke var eg på rundreise til kull 30 i ekstern praksis i NRK Sport, NRK Supernytt, innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, NRK Finnmark og NRK Sogn og Fjordane. Alle har fått seg sommarjobb etter avslutta praksis frå 1. juli.

På desse reisene snakkar eg med både praktikantar, fadrar og redaksjonsleiarar for å få eit så godt bilete av stoda som råd, kva praktikanten er god på og kva han må arbeide meir med. I fleire redaksjonar glir dei så godt inn at det er fort å gløyme at dei framleis er praktikantar, medan det i andre tek lenger tid å finne seg til rette. Slik har det alltid vore. Det er store mengder av praktikantar og studentar innom redaksjonane i NRK i løpet av året, så det skal godt gjerast å bli hugsa. Det krev stor eigeninnsats, idear og gjennomføringsevne.

På kull 30 har telemarkingen Magnus Urup Helle (24) praksis i NRK Sporten og var på med tv-innslag frå fyrste dag i praksis. Det er sjeldan og han har fått seg sommarjobb der etterpå. Vossingen Idunn Lavik (23) har praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende og skal arbeide der som tv-reporter i sommar, etter avslutta praksis.  Tonje Noreng Trøen (26), frå Valdres, har praksis i NRK Supernytt og har fått seg sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Det har også sogningen Ola Weel Skram (28) fått og han har praksis ved distriktskontoret i Førde. Ragnhild Voreland (24), frå Stord, har praksis og sommarjobb i NRK Finnmark, og skal fore finnmarkingane med nyhende på nynorsk heile sommaren, på det som internt i NRK heiter bulletengvakt.

Bilete av kull 30 er frå fyrste dagen deira som nynorskpraktikantar, 3. januar 2019: Frå venstre; Ragnhild Voreland, Ola Weel Skram, Idunn Lavik, Magnus Urup Helle og Tonje Noreng Trøen.

Av Magni Øvrebotten