28. juni 2019

Alvor med attestar og vitnemål

Kull 30 med nynorskpraktiantar er ferdige med halvåret og alle har fått seg sommarjobb i NRK. Ein av dei har vikariat til jul. – Vil vi ha ein stabil nynorskprosent i NRK må vi tilsette fleire av desse talentfulle ungdomane vi lærer opp, meiner Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Det er eit strategisk rekrutteringstiltak i NRK for å få fleire nynorskbrukande journalistar i media.

I dag har eg skrive og sendt ut attestar og vitnemål til dei fem nynorskpraktikantane på kull 30. Dei får jamt over mykje skryt for godt arbeid og stor innsats. Det er dei vel verd. Det alltid med eit visst alvor eg står og reinskriv desse attestane, baserte på faglærarane og praksisplassen sine tilbakemeldingar, og mine eigne inntrykk. Dei kan avgjere framtida deira, særleg no i starten, når dei ikkje har så mykje praksis å syne til.

Eg veg orda, eg veit at for mykje og for lite kan vere like gale. Men eg må kunne stå inne for det som står der. Det må vere sant, ingen redaksjonsleiar skal kunne ringe og påstå at dette var oppskrytte greier. Og ringjer dei og spør oss om NN må dei få vite om både sterke og svake sider, elles misser vi truverd og øydelegg for dei vi gjerne vil hjelpe opp og fram. I så måte har eg ein fordel av omdømet mitt som ei som seier ting direkte. Det kan vere ubehageleg der og då, men står seg best over tid, og vi har også eit ansvar for at NRK tilset dei beste folka.

I år har kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen lova at det skal bli minst 25 prosent nynorsk i NRK, og vi kursar i nynorsk og vekkjer sovande nynorskbrukarar. Det må vi halde fram med. Men vil vi at nynorskprosenten skal vere jamt der oppe må vi tilsette fleire dyktige nynorskbrukande journalistar. Difor håpar eg at kringkastingssjefen sin tydelege tale ikkje vert eit blaff, men noko han kjem til å krevje kvart år. Han lova så under Dei nynorske festspela i Ørsta nyleg.

NRK Nynorsk mediesenter vart opna for 15 år sidan (av kulturministeren 2. 9.2004) for å rekruttere og lære opp nynorskbrukande journalistar til etermedia. No når kull 30 er ferdig har vi lært opp 150 stykke og nær 57 prosent av dei arbeider i media, 39 prosent i NRK. Nett no er mange inne i vikariat til over sommaren. Eg går inn i ferien med å krysse armar og bein for at dei beste blir med vidare, for noko av det tristaste i denne jobben er å sitte hjelpelaus å sjå på at NRK ikkje evnar å ta vare på og utvikle framifrå talent.

Vi får mykje skryt for nynorskpraktikantane vi lærer opp, det er jamt flinke folk, men det er ikkje alltid nok. Dei må ofte vere på rett stad til rett tid, bli sett av rette vedkomande og gjerne ein som har fått inn i ryggmargen at NRK slit med å nå eitt av måla våre; Minst 25 prosent nynorsk. Neste år er det 50 år sidan det vart ein del av samfunnsoppdraget vårt og eg håpar kringkastingssjefen, og leiinga elles, lukkast med å få det inn i ryggmargen til NRK-leiarar på alle nivå. God sommar!