12. februar 2019

Arianrhod programleiar i NRK P3

Frå 18. februar byrjar Arianrhod Engebø som programleiar på NRK P3, alle kvardagar frå 16-19. – Etter eit år som sidekick og videojournalist i «Endelig morgen» på NRK mP3, skal eg no i gang med ei eiga sendeflate på P3. Programmet skal innehalde mykje musikk, ha fokus på lyttarkontakt og forhåpentligvis formidle god stemning til lyttaren. Kva det skal heite er ikkje bestemt enno, seier Arianrhod Engebø. Førebels er ho engasjert med dette til 1. mai.

– Eg gler meg til å få endå meir erfaring som programleiar på radio, bli betre kjent med P3-lyttaren og til å få ta ein større del i kanalen som eg er så glad i. Å vere programleiar på P3 har jo vore draumen sidan eg tok media på vidaregåande, så eg er kjempegira over å få denne moglegheita.

Det er kanskje ikkje ein jobb med mykje skriving av nynorsk, men eg skal gjere mitt beste for å få den inn der eg kan og å formidle nynorsken til P3 si målgruppe.

Arianrhod Engebø (1994) kjem frå Førde og var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/18. Ho har arbeidd i MP3 etter at ho var ferdig med praksis i P3 Nett for snart eit år sidan. Engebø har ein bachelor i journalistikk frå Universitetet i Cardiff, Wales.