1. oktober 2015

Årsrapporten om nynorskprisen

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjekk i år til Jan Zahl, kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Les [download id="64"]

– Eg gjer ikkje noko stort nummer ut av at eg skriv nynorsk, eg gjer det berre, akkurat på same måte som eg et, pustar og søv. Og eigentleg er eg mindre oppteken av å skriva nynorsk enn av å skriva godt. Men eg skriv best på nynorsk, rett og slett fordi skriftspråket ligg så tett på måten eg snakkar og tenkjer på, sa Jan Zahl då han takka for prisen. Han trudde han skulle få kjeft då han vart oppringt om prisen. Les du årsrapporten, finn du ut kvifor.