4. oktober 2019

Årsrapport nynorskprisen 2019

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2019 gjekk til Kjersti Mjør, journalist i Bergens Tidende. Departementet skal ha ein årsrapport om prisen og den kan du lese her.

Årsrapport nynorskprisen 2019

Fristen for å kome med framlegg til prisvinnar for 2020 er 1. april. Føremålet med prisen er å fremje bruken av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre.

I juryen er Solveig Barstad, TV 2, leiar. Ho har med seg språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk på Det Norske Teatret og professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø/Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal.

Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var Kulturdepartementet si gåve til senteret då det vart opna av kulturministeren i 2004.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert delt ut på Dei nynorske festspela i juni kvart år.