8. november 2018

Årsrapport nynorskprisen 2018

Harald Thingnes, i NRK Sport, fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018. Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 8. juni. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter er sekretær for juryen for denne prisen og ho sende nyleg departementet årsrappporten om prisen.

Les rapporten her arsrapport-nynorskprisen-2018.pdf (10 downloads)

I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er Solveig Barstad, i TV 2, leiar. Ho har med seg professor Øystein Vangsnes, ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, og Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent ved Det norske teateret.

1. april 2019 er fristen for å føreslå kandidatar til denne nynorske journalistprisen for 2019. Prisen har ei eiga side på nettsida vår, der du kan lese statuttane, årsrapportane og kven som har fått prisen fram gjennom åra sidan 2006.