• Du er her: »
  • Aktuelt »
  • Artige anslag og knivskarp knagging: TV-kommentar med Dagsrevy-Fjelldalen
28. februar 2014
av Randi Indrebø

Artige anslag og knivskarp knagging: TV-kommentar med Dagsrevy-Fjelldalen

Fokus, situasjonar, konflikt, framdrift, sekvensar, knagging – alt dette er nøkkelomgrep når ein skal sy saman ein TV-reportasje.

Fjelldalen gjev respons på kommentarøving

Fjelldalen gjev respons på kommentarøving

Helle Fjelldalen i Dagsrevyen har vore hos oss i tre dagar på Loftet og lært oss dette. Ho har spelt av uhorveleg mange døme på TV-reportasjar og vist oss blant anna

  • korleis ei sak kan bli nokså dårleg TV sjølv om ein har mykje tid og godt med folk
  • korleis ein kan fortelje ei vanskeleg sak på ein knakande god måte sjølv med lite informasjon, få kjelder og dårleg tid
  • kor bra TV det kan bli dersom ein tør å vere annleis og kreativ, og aktivt bruke bilete og lyd for det dei er verde

Ho snakka mykje om det å laga TV-reportasjar frå idé til sending, men la mest vekt på kommentaren, altså det reportaren les oppå bileta sjåaren ser på skjermen.

Ein engasjert førelesar

Ein engasjert førelesar

Som øving i TV-kommentarar fekk me utdelt ferdiglaga TV-reportasjar der lydspora var klipte vekk. På bakgrunn av bileta me såg og nokre få faktaopplysingar, måtte me innan gitte fristar skrive eigne kommentarar og lese dei inn, før felles syning og tilbakemeldingsrunde.

Me har lært smedlande mykje på desse tre dagane. Fjelldalen kom på eit lurt tidspunkt, trur eg, og dytta oss opp dei siste trinna på læring-på-Loftet-stigen slik at me no er modne for internpraksis på desken om ei veke. Lærar-Terje rista til og med på hovudet og sa at no har me blitt så gode at han snart ikkje har meir å lære oss.

Haha, sa me til det.