Attersyn

Attersyn

Nynorsk mediesenter var idéen som vart vedteken i NRK-styret før han var utgreidd, og tredd nedover hovudet på NRK-leiinga i 2002/03, som samstundes måtte gje opp planane om å legge NRK Sogn og Fjordane under Bergen. Dei vart stoppa av generalforsamlinga, og styret skjønte at ho meinte alvor.

Nynorsk mediesenter vart halmstrået som redda sjølvstende for NRK Sogn og Fjordane og sette nynorsken meir på kartet i NRK.

Valgerd Svarstad Haugland foto Olav Juven, NRK

Valgerd Svarstad Haugland, kulturministeren som opna senteret 2.9.2004. (Foto: Olav Juven/NRK)

«Eg er veldig godt nøgd med at dette senteret vart etablert, og at eg fekk vera ein del av etableringa. Senteret vart eit godt argument for meg til å stoppa NRK sine planar om å slå saman distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ei slik samanslåing hadde gitt oss mindre nynorsk i media, og fattigare språkleg utvikling».

Valgerd Svarstad Haugland, kulturministeren som opna senteret 2.9.2004.

Erik Berg-Hansen (Foto/NRK

Erik Berg-Hansen (Foto/NRK)

 

«NRK-ledelsens kontroversielle forslag om å slå sammen NRK Sogn og Fjordane med NRK Hordaland til ett distriktskontor, kombinert med Magnis kompromissløse motstand mot sammenslåingen, var den direkte årsaken til at Nynorsk mediesenter ble etablert i 2004. Magni vant kampen mot de hun kalte «Holmenkollhønene» i Oslo. I dag er nok alle enige om at det var en viktig seier, ikke bare for distriktskontoret i Sogn og Fjordane, men også for nynorskens utsatte posisjon i NRK.

Erik Berg-Hansen, sjef for distriktskontora i NRK og leiar for styringsgruppa i 2003

Trude Brosvik, nestleiar i dk-rådet i NRK Sogn og Fjordane og medlem av sentralstyret i KrF i 2002. (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

«NRK Nynorsk mediesenter var vel verd å kjempe for! Det har i alle år levert dyktige og målmedvitne praktikarar til ulike media og særleg til NRK. Dei har sytt for at målet om 25% nynorsk i NRK har vorte meir realistisk. Dei har medverka til levande og naturleg nynorsk både på nettet og i eteren».

Trude Brosvik, nestleiar i dk-rådet i NRK Sogn og Fjordane og medlem av sentralstyret i KrF i 2002.