20. januar 2012

Avholdsfolk

Eg veit ikkje om verda står til påske i år. For i dag har magasinet til Dagens Næringsliv – D2 – åtte sider om avholdsfolk, utan å henge dei ut som sære, moralske, kjedelege eller festbremser. Det er interessant i ei tid der det er alkoholservering på kvart gatehjørne, der korkje Spelemannsprisar eller idrettsgallaer kan vere […]

Eg veit ikkje om verda står til påske i år. For i dag har magasinet til Dagens Næringsliv – D2 – åtte sider om avholdsfolk, utan å henge dei ut som sære, moralske, kjedelege eller festbremser.

Det er interessant i ei tid der det er alkoholservering på kvart gatehjørne, der korkje Spelemannsprisar eller idrettsgallaer kan vere utan alkoholservering og lett tilgang til alkohol er overordna omsynet til dei som slit og treng hjelp til å halde seg unna.

Men debatten om det føregår i Vårt Land, typisk nok. Der gjekk Ingebrigt Steen Jensen ut sist laurdag og meinte KRF burde gjere «kampen mot alkoholens ødeleggelser til en nasjonal kampsak». Han meiner vi treng ein kamp mot alkoholproblema i landet, men kvifor vert berre KRF utfordra? Dei er sikkert lettast å få med, men skal noko bli gjort må fleire parti bry seg.

I D2 i dag fortel skodespelar Liv Ullmann om kvifor ho vart avholdskvinne for 25 år sida, fotograf Knut Bry om at han alltid har vore avholdsmann, og aldri fotograferer alhohol, og barnevernspedagog Silje Hrafa seier at det er lettare å fortelje folk at ho er lesbisk enn at ho er avholds!

Media er stort sett berre opptekne av alkohol når prisane stig eller nokon vil innføre restriksjonar. Kvar vaksen nordmann drikk årleg sju liter alkohol, tilsvarande to flasker vin i veka. I 2004 svarde fem prosent av oss at vi aldri drakk alkohol. Det er liten grunn til å tru at vi har vorte fleire med åra.

Eg har vore avholds heile livet og har ikkje tal på kor mange gonger eg har vorte spurd om kvifor eg ikkje drikk. Lenge var eg så «skikkeleg» at eg svarde, men etter at eg vart 50 år bestemte eg meg for å slutte med det, eller spørje attende «Kvifor drikk du?» Det er eit effektivt motspørsmål. Det er sjeldan nokon spør lenger.

Det hadde vore kjekt om oppslaga I DN og Vårt Land i det siste kunne føre til fleire avholdsfolk i ope lende, og auka politisk debatt om alkoholen som samfunnsproblem og siste tabu.