14. oktober 2014

Avissenteret avhengig av statsstøtte

Nynorsk avissenter, systertiltaket vårt i avisa Firda, må ha statsstøtte for å halde fram med drifta. Dei har søkt Kulturdepartementet om 2,2 mill. kroner til føremålet, men er ikkje med i framlegget frå regjeringa.

No er det Stortinget som avgjer om Nynorsk avissenter får halde fram med å lære opp nynorskbrukande journalistar for avis og nett. Sidan starten i 2013 har dei sendt frå seg åtte nynorskpraktikantar, og det tredje kullet er under opplæring i Firda.

– Nynorsk avissenter satsar på å få støtte gjennom forhandlingane om statsbudsjettet og dermed sikre vidare drift. Vi har lyst ut det fjerde kullet, med søknadsfrist 20. oktober og satsar på at det kan starte ved nyttår, seier Ivar Myklebust Longvastøl, som er dagleg leiar for Nynorsk avissenter.

Får Nynorsk avissenter statsstøtte tek det steget frå prosjekt til stifting. Avishuset Firda vil stifte senteret, med LNK – Landssamanslutninga for nynorskkommunar og MBL – Mediebedriftenes Landsforening som medstiftarar. Føresetnaden er ei langsiktig finansiering. Til denne tid er det Amedia, Avishuset Firda, Vinjefondet, Sparebankstiftiga i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune som har kosta avissenteret.

NRK Nynorsk mediesenter – som er drive av NRK – har samarbeidd med Nynorsk avissenter frå starten av, og sentera har hatt sams nytte av kvarandre. – NRK Sogn og Fjordane og Firda har dei to største nynorskredaksjonane i landet, og her er det nynorskpreaktikantane får opplæringa si. I Firda får dei spisskompetanse på avis og nett, og i NRK  er det radio, fjernsyn og nett som gjeld, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Der er kull 22 lyst ut med 15. oktober som søknadsfrist.