16. november 2012

Berre ein månad att

To nye veker har gått sida siste oppdatering. Desse vekene har eg vore på nett, der eg har fått prøvd meg på ulike tema, alt i frå babysymjing til rettssaker og utforkøyringar. Her er nokre av dei sakene eg har skrive: Ønskjer å arrangere barnepassdugnad Babysymjing treng fleire instruktørar (SJÅ VIDEO) Får oppleve julekonsert på Slottet […]

To nye veker har gått sida siste oppdatering. Desse vekene har eg vore på nett, der eg har fått prøvd meg på ulike tema, alt i frå babysymjing til rettssaker og utforkøyringar.

Her er nokre av dei sakene eg har skrive:

Ønskjer å arrangere barnepassdugnad

Babysymjing treng fleire instruktørar (SJÅ VIDEO)

Får oppleve julekonsert på Slottet

Dataspel fremjar læring

Fyrste veka var eg på babysymjing i Førde der eg fekk lage både radio og nettsak. Dette var veldig artig fordi det skil seg litt frå andre saker vi har på nettsidene våre, og det var sjølvsagt og kjekt å kunne lage ei reportasje til morgonsendinga med god lyd og mange situajonar. Du kan høyre radiosaka her.

Denne veka har eg, i tillegg til å jobbe nett, vore på oppdrag for Kulturnytt, som skulle lage eit innslag om dei nominerte kandidatane til Brageprisen. Eg var difor i Hyllestad for å intervjue Kjartan Hatløy om den siste diktsamlinga hans «Kjøkkendikt». Denne gjekk på P2 i Kulturnytt denne veka.

I dag har eg vore på Hafstad vidaregåande skule der dei hadde ein konferanse om bruk av dataspel og korleis dette kan vere med på å fremje læring. Dette var delvis ei oppfølgingsreportasje på det eg har laga tidlegare om bruk av nettbrett i undervisninga, og passar godt inn no som det nyleg har vore mykje fokus på resultata frå dei nasjonale prøvene, og dei dårlege matematikk-kunnskapane til mange lærarstudentar.

Dette vart det også laga radio på, som du kan høyre her. Eg fekk vere med som reporter i studio, og fekk dermed ein smakebit på kva som ventar neste veke når eg skal vere med i sendeteamet. Eg gler meg!