https://nynorskmediesenter.no/Besøk frå Kulturdepartementet
12. april 2013

Besøk frå Kulturdepartementet

Statssekretær Kjersti Stenseng og politisk rådgjevar Håvard Fossbakken besøkte oss 12. april og fekk orientering om NRK Sogn og Fjordane og dei to nynorsktiltaka Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter. – Kanskje vi òg burde gått her, sa statssekretæren.

– Det er mest det same kor mykje eller lite utdanning vi har når vi byrjar som nynorskpraktikantar. Han med vidaregåande skule knekkjer kodane og arbeider raskare enn eg som balar med å få 500 ord ned til 50 og vil ha med alt. Det nyttar ikkje når det skal vere berre eitt fokus i saka, sa nynorskpraktikant Inger Johanne Ruset.

– Det høyrest ut som vi òg burde gått her, sa statssekretæren.  

– Ja, kanskje vi skal opprette ei tredje opplæring, for folk som arbeider i offentleg styre og stell? svarde Arve Sandal, prosjektleiar for Nynorsk avissenter og opphavet til ideen om NRK Nynorsk mediesenter.    

Journalistiske barnesko i Førde  

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen gav ei kort innføring i kva nynorskkontoret NRK Sogn og Fjordane betyr både i eige fylke og i NRK, for nynorskprosenten i radio, fjernsyn og på nett – og i barne-tv.  

kulturdep-på-besøk-på-lofte

Magni Øvrebotten følgde opp med å syne til kor mange nynorskbrukande journalistar i radio og fjernsyn som har trakka sine journalistiske barnesko i Førde, og kor viktig det har vore for NRK Nynorsk mediesenter å byggje vidare på det. – På dei ni åra vi har drive har vi snart sendt frå oss 90 nynorskpraktikantar og vel 73 % av dei arbeider i media, tyngda i NRK, sa ho.  

Frå hausten av byrjar den største nynorskavisa i landet, Firda, med Nynorsk avissenter, og skal lære opp nynorskbrukande journalistar for avis og nett. Prosjektleiar Arve Sandal fortalde om kor viktige dei 59 nynorskavisene er for nynorsken og kor avgjerande det er at språket får utvikle seg i den digitale medieverda.  

Viktig for nynorsken  

– Så pressa som nynorsken er no er det viktig med slike tiltak som Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter, sa statssekretær Kjersti Stenseng. Nynorskpraktikantane på kull 18 fekk fortalt litt om opplegget og korleis det er å vere nynorskpraktikant. Dei var samde om at dei aldri hadde møtt så høge forventningar og mykje støtte før, og at det var difor dei makta den bratte læringskurva. No gler dei seg til praksis i P3-nyhenda, NRK Møre og Romsdal, NRK Hordaland, Utanriks og Dagsnytt frå 29. april.  

Sogn og Fjordane fylke er det fremste nynorskfylket i landet og bestemte seg i fjor for å satse meir på det som eit kjenneteikn. Det var fylkeskommunen som tok folka frå departementet med på besøk til NRK-huset for å få ei orientering om dei ulike nynorsktiltaka. Fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad og Nils Gjerland, leiar for kulturutvalet, var med frå fylkeskommunen.