18. oktober 2010

Bildeblikk frå tun og kameradagar

Her er eg kameramann i ei sak eg og Hans Kristen øvde oss på å lage. Firda Billag og bussjåførmangel var stikkord. Eg har òg styrt kameraet i ein 5-på-gata-snutt eg og Hans Henrik laga, som vart lagt ut på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Her er er lenke til bloggposten hans om det, […]

Her er eg kameramann i ei sak eg og Hans Kristen øvde oss på å lage. Firda Billag og bussjåførmangel var stikkord.

Vegard-filmar

Eg har òg styrt kameraet i ein 5-på-gata-snutt eg og Hans Henrik laga, som vart lagt ut på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Her er er lenke til bloggposten hans om det, inkludert vidare lenke til nettsaka. Interessant å merke seg at han påstår han laga saka heilt sjølv, berre fordi han hadde mikrofonen. Håper eg ikkje er like arrogant når rollene blir omvendte.

wink_smile

Vi var elles på ein fantastisk tur til Aasen-tunet. For ein mann! Utan han – ingen Noreg. Det vil eg påstå.

Eg var meir interessert i Ivar enn i fotografen:

Ivar-og-oss.-B-250-Foto-Ran

Etter pilgrimsferda til Aasen-tunet fôr vi til Nordfjordeid og fotballoperaen til Are Kalvø. Det var særs kult og moro, det handla jo om kampen Noreg-Brasil i VM i 98, med herleg Kalvø-humor over heile linja. Litt revyaktig innimellom, men ei deilig oppleving.

Vi har òg øvd på å lese bulleteng, altså korte meldingar med nyheitssaker. Då varmar vi av og til opp stemmene våre med å blåse i eit rør nedi lunka vatn. Slik kan det sjå ut:

Vegard-m-flaske.-Foto-Hilde