2. mai 2016

Blir 17. mai-reporter på NRK1

– Eg elskar 17. mai, så dette blir fantastisk kjekt!, seier Solveig Svarstad. Ho skal vere reporter når NRK1 sender direkte frå nasjonalfeiringar rundt om i landet. Bremangerjenta er praktikant på kull 24 og har praksisen sin i NRK Sogn og Fjordane. Ho tykkjer det er ei stor ære å bli spurt om å gjere denne jobben.

– Eg er trass alt berre praktikant enno, så det er litt skummelt, fortel Svarstad. 17. mai-sendinga på NRK1 er ei sending ho sjølv har sett på i alle år, så difor er det ekstra spennande å få vere del av programmet.

Tradisjonen tru brukar dei fleste reporterane å stille med bunad frå den delen av landet dei rapporterer frå, men der får ho eit problem.

– Eg har bunad frå Rogaland, sidan mor mi er frå Stavanger, difor må eg byte med søstera mi, som heldigvis har sunnfjordbunad. Eg skal trass alt representere dette fylket, så då må bunaden vere rett, ler 27-åringen.

Direkterapport frå fotballkamp vart avgjerande

– Vi har valt å bruke Solveig Svarstad til denne jobben fordi ho har vist seg som ein solid formidlar. Ho kjem lett i kontakt med folk og har ein naturleg autoritet, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske. NRK Sogn og Fjordane testa henne først ut som direktereporter i Vestlandsrevyen, under cupkampen mellom Førde og Sogndal, og ho stod med glans.

– Vi ser at ho er naturleg, blid og har rett energi. Det er akkurat det vi leitar etter, seier Raasholm Fauske.

No skal Solveig Svarstad byrje å planlegge sendinga saman med ein annan tidlegare praktikant. Stine Kyrkjebø Johannesen skal vere fotograf under sendinga. Dei to damene gler seg til å rapportere frå fylket denne spesielle dagen.