20. januar 2012

Blod på tann

Blod, sveitte og seine kveldar betalar seg. I alle fall har nokre ekstra timar med redigering ført til to nye saker på lufta denne veka. Blant fleire ting har eg lært korleis ein lagar og publiserer klipp frå radiosendingane på nettet, så no kan eg presentere resten av det eg har fått på lufta. Tre […]

Blod, sveitte og seine kveldar betalar seg. I alle fall har nokre ekstra timar med redigering ført til to nye saker på lufta denne veka. Blant fleire ting har eg lært korleis ein lagar og publiserer klipp frå radiosendingane på nettet, så no kan eg presentere resten av det eg har fått på lufta. Tre saker på éin gong!

Nett som eit kinderegg, altså. Eller nesten. Reportasjen frå konserten fekk eg rett nok ut alt førre veka, men han blei sendt denne måndagen også. Sjå og høyr dansing på bordet her! Måndagen ende jakta på neste reportasje på Øyrane vidaregåande skule, der eg snakka med nokre driftige unge karar med eiga ungdomsbedrift. Her viser dei fram det nyaste produktet sitt, ein nyttig tingest for dei som køyrer bil med hengar. Reportasjen blei også lagt ut som nettsak nokre timar etter at han gjekk på lufta. Både denne reportasjen og mi aller første nyheitssak vart sendt onsdagen. Eg visste at EL & IT-forbundet skulle streike i Førde som del av den landsomfattande protestaksjonen mot EU sitt vikarbyrådirektiv. Både fordi det var ei dagsaktuell sak og fordi det var ei openberr konflikt inne i bildet heiv eg meg på og rundt for å dekke hendinga, sjølv om tidsfristen var svært mykje kortare enn vanleg. Ein times redigering av råstoffet viste seg å vere i kortaste laget for ei standard nyheitssak på halvtanna minutt. Med hjelp frå Tone Lin fekk eg raska saman noko av essensen i saka, og ho blei sendt i NRK P1 Sogn og Fjordane sin siste nyheitsbulletin kl. 16. Stressande medan det stod på, men godt å kjenne at ein har gjort eit godt stykke arbeid alt ved ordinær slutt på arbeidsdagen.

Elles har vi hatt besøk av logoped denne veka. Fint å bli medviten om eventuelle uvaner knytt til stemmebruk og framføring før dei set seg fast. Eg fekk i oppgåve å skrive ein liten rapport. I dag har eg vore på smykkefest, i Jølster. Eg kjem meg rundt, som det heiter i Beach Boys-songen. Kanskje røper eg meir om dette seinare. No skal eg snart ut og teste utelivet i byen med mine medsamansvorne frå Loftet.

God helg!