24. september 2012

Bobler, badekåpe og direkterapportering

På torsdag fekk vi prøve oss som fortejande reporterar i studio. I lag med programleiar, Stian Sjursen Takle, gjekk vi i studio og fekk fortelje frå dei sakene vi har vore med å laga. Der fekk vi erfare at det å snakke fritt, utan manus, har sine fordelar og ulemper. Vi er visst det fyrste […]

På torsdag fekk vi prøve oss som fortejande reporterar i studio. I lag med programleiar, Stian Sjursen Takle, gjekk vi i studio og fekk fortelje frå dei sakene vi har vore med å laga. Der fekk vi erfare at det å snakke fritt, utan manus, har sine fordelar og ulemper. Vi er visst det fyrste kullet som får prøve dette i opplæringsperioden, og eg trur alle synest dette var litt ekstra spennande å få vere med på direktesendingar på denne måten.

På fredagen gjorde vi øvingar som direktereporterar. Eg var på Spa ved Rica Sunnfjord Hotell, og rapporterte «direkte» derifrå. Her fekk eg kjenne godt på nervøsiteten medan eg venta på oppringing frå studio. Då hjelpte det heldigvis litt at ventetida var i avslappande omgivnadar på spaavdelinga.

IMG_6240

Etter vel overstått rapportering fekk eg prøve ut noko som heiter «Dry float». Eg vart pakka inn i ein vatnhalding plastmembran, og senka ned i eit kar. Plutseleg kjende eg meg heilt vektlaus der eg låg og flaut. Ein perfekt måte å slappe av etter ei kjekk og lærerik veke!

IMG_6216