14. mars 2019

Bruland korrespondent i Berlin

Roger Sevrin Bruland er tilsett som NRK-korrespondent i Berlin frå hausten av. – Vi gratulerer og er stolte av at det var NRK Nynorsk mediesenter som fyrst tilsette Roger i NRK, seier Magni Øvrebotten.

Roger Sevrin Bruland (1977) er frå Utvik i Nordfjord og var nynorskpraktikant i NRK våren 2008. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og har arbeidd der meir eller mindre etterpå. Han gjorde seg særleg bemerka då han dekka grottedramaet i Thailand i fjor sommar. For tida har Bruland permisjon frå NRK for å studere dokumentarproduksjon i Bucuresti.

– Eg er veldig audmjuk til jobben og gledar meg til å formidle nyhende frå Berlin og Aust-Europa til unge og eldre, seier han til NRK.no. Korrespondenten i Berlin har ansvar for å dekke det tysktalande Europa og Aust-Europa.

Roger Sevrin Bruland har ein mastergrad i konfliktstudiar, med vekt på Midt Austen, frå Universitetet i Aberdeen og ein bachelor i historie og religionsvitskap frå Universitetet i Bergen. Han har også studert statsvitskap ved Det amerikanske universitetet i Kairo. Han var NATO-soldat i Bosnia og Serbia frå 1998 til 2000, og frå 2005 til 2007 var han tilsett ved dei norske ambassadane i Makedonia og Romania.

– Roger brenn verkeleg for å fortelje viktige historier. Han kjem tett på alle typar folk og evnar å få fram korleis dei har det, seier redaksjonssjef  Gunhild Viken i utanriksavdelinga til NRK. – Han har mykje røynsle frå felt i krevande situasjonar. Og han har både oversynet og kunnskapen som skal til for å formidle det store bilete frå eit område av Europa der det skjer mykje, seier Viken til NRK.no