8. mai 2015

Byråkrat og podcastar

Saknet etter journalistikken vart stort då Jonas Sætre flytta heim og byrja å jobbe som møtesekretær i Stord kommune. Difor valde han å kombinere byråkratlivet med å produsere sin eigen podcast «Uten filter».

– Ønsket mitt er å dra lyttarane ut av komfortsonen deira. Norske politiske debattar er ofte prega av kommunikasjonsrådgjevarar og tom retorikk. Eg trur folk er lei av dette, seier Sætre til avisa Sunnhordland.

Jonas Sætre var nynorskpraktikant våren 2011. Han hadde praksis i NRK.no, og arbeidde der i 2,5 år etterpå. Sidan har han vore journalist i Dagbladet, Aftenposten  og Bergens Tidende. No driv han altså sin eigen podcast «Uten filter».