25. februar 2016

Christian debuterer med barnebok

I dag kjem barneboka «Jakta på firkløveren» ut på Det Norske Samlaget. Forfattar er Christian Wiik Gjerde (1981), tidlegare nynorskpraktikant våren 2011 og programleiar for barneprogrammet Superblokka i NRK P1. I 2013 fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for den jobben. Debutboka til Christian Wiik Gjerde handlar om sommarferie og skulefri på ei øy i havgapet, og om sjalusi, krangel og forviklingar.

Christian Wiik Gjerde (Foto/Samlaget)

Christian Wiik Gjerde (Foto/Samlaget)

– Eg har lenge hatt ein draum om å skrive, og no kjende eg at tida var komen. Eg har alltid vore interessert i bøker, og eg minnast bøkene eg sjølv las då eg var barn. Eg las mange bøker, og eg hugsa særskilt då eg las gjennom pappa si samling av Fem gjengen av Enid Blyton. Dei syntest eg var så spanande. Som barn hadde eg ein livleg fantasi, og det har eg nok framleis. Den fantasien har eg no brukt til å skrive ein roman for barn.

– Kva vil du med boka?

– Det eg vil oppnå med boka er å gi leseglede. At lesarane skal få kose seg, le og grine litt. Det er også ein moral i boka. Den går på at ein ikkje skal vere så redd for alt det nye og ukjende. Ein skal vere open for det nye ein møter.
Eg får ofte spørsmål om kvifor eg skriv barnebok og ikkje ein roman for vaksne. Det var ingen tvil om at det var ein barneroman eg ville skrive. Men eg liker å tenkje at eg har skrive ein familieroman. Ein roman som kan brukast til høgtlesing, men også til stillelesing i senga. Om ein tek barn seriøst, noko eg meiner ein bør, så skriv ein om ting som alle menneske er opptekne av. Og då tenkjer eg at dei vaksne er inkludert i den kategorien. For sjølv om ein er vaksen, så har ein vel framleis barnet i deg? Det synest eg ein bør ha.

Guten frå havgapet

– Eg har nok brukt mykje av min eigen oppvekst i boka. Då særskilt naturen og dei gode relasjonane eg hadde til venner og familien, inkludert besteforeldre. Det er noko vakkert med det generasjonshoppet mellom barn og gamal. Det er så mykje livsvisdom ein kan bruke og lære av kvarandre. Boka mi er ingen biografi. Alvar, som er hovudpersonen, har til dømes ein grineklubb, han går i tøflar og drikk berre frå høghæla glas. Eller stettglas om du vil. Han blir også tvinga til å spele fele. Eg var ikkje heilt slik. Men eg gjekk i tøflar og eg spelte fele som eg fekk kronisk gåsehud av. Det er vel einaste likheitene. Trur eg.

– Kva prega barndommen din?

– Min barndom var fylt med mykje leik. Eg hadde ein trygg og god oppvekst. Eg fekk min fyrste båt som sjuåring og rodde ut på fjorden mellom holmane heilt åleine. Men eg trur at mamma sat i stovevindauget og kika på meg. Eg hadde redningsvest og ein Steady 500, som aldri kunne velte. Akkurat det var eg veldig oppteken av, for eg hadde respekt for havet. Eg var ingen tøff gut, men eg søkte spenning i det ukjende og var alltid klar for eventyr.

– Fjernt frå slik ungane leikar i dag?

– Eg veit at barn i dag har gått meir og meir vekk frå frileik, og søker mot nettbretta sine. Kanskje les dei mindre også, men som pedagog ser eg likevel at barn les ekstremt mykje. Det er stort fokus på lesing i skulen. Eg ser ikkje heilt den greia som mange snakkar om, at lesegleda ikkje er til stade hos barn. Så lenge det finst gode bøker, vil nok barn lese.

Biten av basillen

Boktittel: Jakta på firkløveren av Christian Wiik Gjerde

Boktittel: Jakta på firkløveren av Christian Wiik Gjerde

– Eg kjem garantert til å skrive meir. Eg har verkeleg blitt biten av basillen. Det å kunne utvikle eit univers, skrive akkurat det ein sjølv vil, og lage karakterar er noko eg verkeleg har fått smaken på. Eg fekk mykje erfaring frå jobben som programleiar i NRK Super, der eg blant anna fekk skrive småhistorier kvar laurdag som eg fortalde i radioen. Etter at eg kom inn i NRK Nynorsk mediesenter har eg fått trua på meg sjølv om at eg kan, og vil drive med ei form for formidling. Samlaget er eit godt forlag som rettleiar meg og gir meg inspirasjon til å fortsetje.

– Rykte seier at boka alt kjem på tysk?

– Før boka kom frå trykkeriet fekk eg ein mail frå ein agent som fortalde at boka mi var kjøpt opp av eit forlag i Tyskland. Det at boka mi skal lesast av barn i Tyskland er utruleg spanande. Eg visste eigentleg ikkje kor stort det var før eg Googla, og såg at å få solgt boka si før ho kom ut i sitt eige land er ganske stort. Eg er spent på å sjå korleis dei skal oversette det munnlege språket eg har skrive, for det er ord og uttrykk som ein kanskje berre finn på Vestlandet.

– Og du er attende i læraryrket?

– Eg har nettopp avslutta ein jobb i Rikskonsertane, og er no tilbake i læraryrket. Der eg var før eg byrja i NRK. Det er litt rart, men likevel så er det også fint på eit vis. Eg får iallfall enormt mykje inspirasjon til korleis barna tenkjer. Noko eg garantert får bruk for i mi neste bok.

Vil du lese om då Christian Wiik Gjerde fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris i 2013 sjå her.