14. april 2014
av Randi Indrebø

Då nynorskpraktikantane møtte Ivaren: eit reisebrev

Mellom bakkar og berg, mellom Ørsta og Volda, mellom trer og buskar, mellom gamle husnover og nymotens betongveggar finn du Aasen-tunet.

SYNFARING: Dokumentasjonsleiar Anders Aanes viser oss rundt.

SYNFARING: Dokumentasjonsleiar Anders Aanes viser oss rundt. Foto: Guro Kvalnes/NRK

Oppe i ei li ein stad mellom Ørsta og Volda ligg fødestaden til Ivar Aasen. Her pleier kvart kull med nynorskpraktikantar å valfarte til, og slik vart det òg med oss på kull 20. Saman med Magni Øvrebotten, Arve Sandal og nynorskpraktikantane frå Nynorsk avissenter, bila me nordover på nynorsktur ein regnvåt aprildag.

Eg har ikkje vore der før og såg for meg Aasen-tunet som gamle hus, museumsgjenstandar og souvenirutsal. Det var ei nokså rett føreseiing, men i tillegg til ein rundtur i museet, fekk me òg prata med nokre spanande folk der.

Anders Aanes peika og forklarte både ute på tunet og inne på museet. Me fekk trø på steinheller Ivar sjølv har gått på, og sjå bøker, skrivebord og diverse utstyr henta frå arbeidskvardagen hans.

På Aasen-tunet held òg Ottar Grepstad til. Han er direktør for Nynorsk kultursentrum og tok oss med på ei reise gjennom historia til nynorsken. Etter at reisa var slutt, diskuterte me kva slags utfordringar me som nynorskpraktikantar kan møte på. Grepstad gjorde oss merksame på kva slags ressurs Nynorsk kultursentrum kan vere for oss om me kjem oppi vanskelege situasjonar, kronglete problemstillingar og ufyselege argument som offentlege nynorsbrukarar. Det er godt å vite når me no skal i ekstern praksis utanfor dei trygge veggane på NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane.

1-2-3-GLIS: Kullsjølvi med Ivar. Foto: Marius Tennøy

1-2-3-GLIS: Kullsjølvi med Ivar. Foto: Marius Tennøy Myklebust/Firda