7. september 2012

Dale, Twin Peaks og dårlege vegar

På morgonmøtene her i NRK Sogn og Fjordane, har eg lagt merke til at det er eitt tema som får mykje merksemd; vegar. Då turen gjekk til Dale denne veka, skjøna eg kvifor. Særs nøgd med å få lov til å råne i ein NRK-bil, køyrde eg i veg for å lage ein reportasje om […]

På morgonmøtene her i NRK Sogn og Fjordane, har eg lagt merke til at det er eitt tema som får mykje merksemd; vegar. Då turen gjekk til Dale denne veka, skjøna eg kvifor.

Særs nøgd med å få lov til å råne i ein NRK-bil, køyrde eg i veg for å lage ein reportasje om eit debattmøte i Dale. Sjølv om eg hadde tasta inn adressa på telefonen, måtte det eit par usvingar til, før eg fann fram. Eit par gonger lurte eg på om eg hadde forvilla meg inn på ein einvegskøyrd veg, i feil køyreretning. Dette viste seg å ikkje vera tilfelle, hovudvegen var faktisk så smal.

For ei som er oppvaksen på Flat-Jæren, var det sjølvsagt ikkje skummelt å køyre langs ein veg, der fjellsida på venstresida såg ut til å rase ut kvart sekund, og fjorden til høgre skvulpa opp i vegbana (så og seia).

Møtet i Dale varte og rakk. Mens eg satt der, la eg merke til at sola gjekk ned, og at himmelen vart svart. Eg kunne ikkje la vera å tenkje på korleis eg i helsiken skulle koma meg heim til Førde, i live.

Då klokka nærma seg ti sat eg meg endeleg i bilen for å køyre heim.

Etter å ha køyrd ei stund, kjende eg ikkje lenger igjen vegen. Det einaste eg kunne skimte var konturane av høge fjell og ein mann som gjekk langs vegen med ei lykt i handa.

Eg tasta inn Førde på kartet på telefonen. Det nye vegforslaget viste at eg var langt utanfor allfarveg.

Her kan eg kanskje nemna at dei siste kveldane i Førde har vorte brukt til å sjå på den fantastiske tv-serien, Twin Peaks. Twin Peaks er ein liten stad i USA, omringa av skog og fjell, der folk til stadigheit vert drepne.

Den nye vegen gjekk bratt oppover, det var skog på begge kantar og skodda la seg på panseret. Eg kunne ikkje tenkje på noko anna enn, Twin Peaks.

Eg gassa på. Livredd for at det når som helst skulla koma ein galning hoppande framfor bilen.

Det skjedde derimot ikkje. Det einaste levande eg møtte på, var ein vettskremt hjort.

Turen til Dale vart meir actionfullt enn det eg hadde rekna med, og noko seier meg at veg fortsatt kjem til å vera eit heitt tema i tida framover her i Sogn og Fjordane.