29. november 2010

Dårleg nynorsk ved UiO

Leiaren for Studentmållaget i Oslo, Jens Kihl, fekk ei eksamensoppgåve på nynorsk, som inneheldt 22 skrivefeil. Ved Universitetet i Oslo! Det er studentavisa Universitas som skriv om den manglande nynorskkunnskapen ved det som likar å kalle seg landets fremste universitet.  Nyleg hadde vi ein søkjar til konferanse, som fortalde om liknande opplevingar ved UiO. Når vedkomande spurde korleis […]

Leiaren for Studentmållaget i Oslo, Jens Kihl, fekk ei eksamensoppgåve på nynorsk, som inneheldt 22 skrivefeil. Ved Universitetet i Oslo!

Det er studentavisa Universitas som skriv om den manglande nynorskkunnskapen ved det som likar å kalle seg landets fremste universitet.  Nyleg hadde vi ein søkjar til konferanse, som fortalde om liknande opplevingar ved UiO. Når vedkomande spurde korleis nynorskversjonen kunne bli så dårleg fekk han til svar at dei på hans institutt ikkje hadde folk som kunne nynorsk. I mangel på det nytta dei Google sitt retteprogram i staden. Resultatet var tilnærma uskjøneleg.

Studentmållagsleiaren meiner det hadde vore betre om Universitetet i Oslo ope gjekk ut og sa at dei ikkje brydde seg med nynorskbrukarane, då hadde det vore lettare å ta tak i den diskrimineringa som føregår. – Situasjonen er ikkje til å leve med. Vi kan ikkje stole på at oppgåva på nynorsk er fullstendig. Det har vore tilfeller der bokmålsversjonen hadde fire deloppgåver, medan det berre var tre i nynorskversjonen. Den fjerde hadde berre falle vekk, fortel Jens Kihl.

I røynda betyr dette at nynorskbrukande studentar må be om både nynorsk og bokmålsversjonen av oppgåva, og bruke tid på å sjekke om innhaldet er det same.  Dette må gjerast før dei kan byrje å svare på den eigentlege eksamenen.

Nynorskbrukande studentar har krav på å få eksamensoppgåvene sine på nynorsk, når dei ber om det. Det er heimla i lov. Det er ikkje nytt av året at nynorsken ofte er svært dårleg i desse oppgåvene, ei heller at det vert klaga på det, men det skjer ikkje noko. Kvifor ikkje? Kan det bety anna enn at det ikkje vert teke alvorleg?

Kanskje ser vi her døme på kva dårleg undervising og/eller fritak for nynorsk fører til, men det virkar ikkje som om nokon skjemst og tek tak i det. Universitetet sine folk seier til avisa Universitas at problemet er at dei tilsette ikkje kan nynorsk, men kvifor leitar dei ikkje etter tospråklege når dei tilset folk?