25. april 2017

Debatt om nynorsk mediespråk

Torsdag 27. april skipar Kringkastingsringen til eit ope møte om nynorsk mediespråk. Møte er på Litterarturhuset i Oslo. I panelet sit Yngve Benestad Hågvar, fyrsteamanuensis frå Høgskulen i Oslo og Akershus, prodekan Paul Bjerke, frå medieutdanninga ved Høgskulen i Volda, og Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Fungerande språksjef i NRK, Ingvild Bryn, fortel om korleis NRK arbeider for å nå målet om minst 25 prosent nynorsk. 9. mai skal leiinga i NRK ha føre ein handlingsplan for nynorsk i NRK.