29. oktober 2010

Debut på TV-skjermen

No er eg på TV. Eg starta i praksisen tirsdag denne veka.Og i dag, tre dagar ut i livet som TV-reporter, fekk eg mi første sak på Vestlandsrevyen.Sjå saka her! På reportasjedagen var eg oppe klokka halv 5. Tidleg tidspunkt å starte dagen på. Men saman med fotograf Vegar Erstad vart det ei artig oppleving.At […]

No er eg på TV. Eg starta i praksisen tirsdag denne veka.Og i dag, tre dagar ut i livet som TV-reporter, fekk eg mi første sak på Vestlandsrevyen.Sjå saka her! På reportasjedagen var eg oppe klokka halv 5. Tidleg tidspunkt å starte dagen på. Men saman med fotograf Vegar Erstad vart det ei artig oppleving.At eg hadde vore tidleg oppe merka eg då eg var tilbake i Førde for å redigere saman med Randi Indrebø. Det vart mange kaffikoppar foran skjermen.Eg føler produksjonspresset, og håpar å kunne lage så mykje som mogleg i neste TV-veke. Det er litt av ei utfordring å vere ny i dette faget. Og for å lære er greit å sjå korleis dei røynde TV-journalistane gjer det. Det fekk eg også gjere denne veka, då eg tysdag var med reportar Anna Gytri og fotograf Arne Stubhaug i Sogndal.Der skulle dei lage sak om unge jenter som er redde for å gå aleine når det er mørkt.   TV-teamet intervjua både politi og asylmottak. Samstundes fekk eg bidra litt i saka. Dette var ved å få ein gamal kjenning, som hadde opplevd ubehaget frå ein av mennene, til å stille opp foran kamera og fortelje si historie.Tilbake i Førde fekk Anna og fotograf Vegar Erstad redigert saka. Og vips, så var den på Vestlandsrevyen.Denne revyen ønsker eg sjølv å bidra med fleire saker til. Og forhåpentlegvis kjem dei i neste veke.